Last ned Firefox-nettlesaren for Chromebook

Så du har ei Chromebook — no er det på tide å få den uavhengige, automatisk private Firefox-nettlesaren for å verne dine personlige data.

Kvifor laste ned Firefox for Chromebook?

Medan ei Chromebook allereie har Chrome installert, kan du laste ned og bruke Firefox som den daglege nettlesaren din med fleire fordelar som mellom anna:

  • Permanent sporingsvern: Som standard køyrer Firefox utvida sporingsvern (ETP) for å beskytte dine personlige data frå kjende annonsesporarar, sosiale sporarar og kryptomining-skript som følgjer deg rundt på nettet.
  • Støttar uavhengig teknologi: sidan dei fleste store nettlesarar no køyrer på Chromium er det færre alternativ som ikkje vert mata inn i Big Tech-maskina. Firefox er støtta av ein ideell organisation og er dedikert til å fikse internett. Ved å bruke Firefox er du ein del av det.

Er det vanskeleg å installere Firefox for Chromebook?

Vi skulle ønskje det var enklare, men Chromebook føretrekkjer å behalde deg i Google Play-økosystemet. Vi synest likevel det er verd innsatsen å installere nettlesaren Firefox på Chromebook – og vi har ressursar som kan hjelpe deg viss du treng dei. Det er to måtar å få Firefox på eininga di.

Installer Firefox frå Google Play Store: på nyare versjonar av Chrome OS (x86-basert Chromebook som køyrer Chrome OS 80 eller nyare), har du høve til å installere appen Firefox for Android. Denne appen er utvikla for mobile einingar.

Last ned frå Google Play

Installer Firefox som ein Linux-app: å gjere dette tek litt lenger tid, men det er verdt det. Når du innstallerer nettlesaren Firefox som ein Linux-app får du nettlesaren Firefox og alle fordelar som følgjer med, inkludert Utvida sporingsvern, ein innebygd passordhandsamar, tilgang til tusenvis av tillegg (inkludert UBlock Origin ad blocker) og tema for å tilpasse utsjånaden på nettlesaren din. Les meir om installasjonen av Firefox-nettlesar for Chromebook.