Firefox mot Brave
Personverninnstillingane i Firefox er sterke og enkle bruke. Standard annonseblokkering i Brave kan øydeleggje nettstadane du besøkjer, slik at du må halde på med å fikle med han. Vi vil at personvern skal vere passande og praktisk nok til at du faktiskt skal kunne bruke han.
Firefox gjer det enkelt for deg å velje kva for søkjemotor du vil bruke kvar gong du søkjer. Brave brukar som standard sin eigen søkjemotor og du må gå gjenom nettlesarinnstillingane for å velje noko anna.
Firefox gjev deg mulegheita til å kryptere dei lagra passorda dine, og du kan bruke eit hovudpassord for dei. Passorda dine er verna sjølv om du må dele ei datamaskin med andre. Brave passord-vernar ikkje passorda dine.
Vi tilbyr òg brukarvennlege funksjonar som:
- Rediger PDF-filer direkte i Firefox-nettlesarvindauget - du treng ikkje noko ekstra dataprogram.
- Omsett ei nettside lokalt og privat.
Det er enkelt å byte
Byte til Firefox er enkelt og raskt - importer Brave-bokmerka dine, passorda dine, historikk og innstillingar med eitt klikk og du er klar til å bruke Firefox. Slik importerer du Brave-dataa dine.