Firefox mot Google Chrome
Standard personverninnstillingar i Firefox er mykje sterkare enn i Chrome – og vi har ytterlegare funksjonar for å hindre at nettstadar sporar deg, som til dømes blokkering av fingeravtrykksporarar og ditt val av tillegg for annonseblokkering.
Vi blokkerer sporarar som standard. Chrome gjer det ikkje.
Faktum er at Chrome som standard overvakar kva for nettstadar du besøkjer, og kva du gjer, slik at han kan identifisere «annonse-emne» for å sende deg fleire målretta annonsar. Du kan blokkere tre emne, men du kan ikkje få dei til å slutte med å identifiere andre annonse-emne for deg. kjelde
Chrome tillèt andre nettstadar å samle inn informasjon om deg slik at dei kan føreslå annonsar. Du kan blokkere spesifikke nettstadar frå å føreslå annonsar, men du kan ikkje stoppe datainsamling eller forslag frå andre nettstadar. kjelde
Google driv verdas største annonsenettverk og Chrome er ein del av det.
Sidan vi ikkje treng å blidgjere aksjeeigarar, kan vi fokusere på å gjere deg glad, og alltid sette personvern og komfort først.
Det er enkelt å byte
Byte til Firefox er enkelt og raskt — importer Chrome-bokmerka dine, passord, historikk og innstillingar med eitt klikk og du er klar til å bruke Firefox. Finn ut korleis du byter frå Chrome til Firefox.