Firefox mot Microsoft Edge
Firefox gjer personvern enkelt og praktisk, slik at du ikkje treng å bekymre deg for det.
Vi blokkerer sporarar som standard. Edge gjer ikkje det.
Vi tilbyr òg brukarvennlege funksjonar som:
- Rediger PDF-filer direkte i Firefox-nettlesarvindauget - du treng ikkje noko ekstra dataprogram.
- Omsett ei nettside lokalt og privat.
Og vi gjer det enkelt for deg å velje kva for søkjmotor du brukar i søk. I Edge må du grave deg gjennom innstillingane dine for å bruke ein annan søkjmotor enn Bing.
Microsoft må gjere aksjonærane sine fornøgde, men vi kan fokusere på å gjere deg glad og sette ditt personvern først.
Det er enkelt å byte
Byte til Firefox er enkelt og raskt — importer Edge-bokmerke, passord, historikk og innstillingar med eitt klikk, og du er klar til å bruke Firefox. Slik brukar du importknappen for å byte.