Firefox mot Apple Safari
Safari og Firefox har begge bra person- og sikkerheitsfunksjonar.
Men Firefox har òg innebygde verktøy som:
- Rediger PDF-filer direkte i Firefox-nettlesarvindauget - du treng ikkje noko ekstra dataprogram.
- Omsett ei nettside lokalt og privat.
Firefox tilbyr eit breitt spekter av tilpassingsalternativ, inkludert det å kunne flytte menyar og verktøyfelt til ulike plassar i nettlesarvindauget. Grensesnittet til Safari er ikkje så lett å tilpasse.
Sidan vi ikkje treng å blidgjere aksjeeigarar, kan vi fokusere på å gjere deg glad, og alltid sette personvern og komfort først.
Det er enkelt å byte
Byte til Firefox er enkelt og raskt - importer Safari-bokmerka dine, passorda dine, historikk og innstillingar med eitt klikk og du er klar for å bruke Firefox. Slik importerer du Safari-dataa dine.