firefox-ios-firefox-browser

Kom raskare fram med Firefox for Android

Sjå alle opne faner, siste søk og favorittnettstadar på ein og same plass med nettlesaren Firefox for Android.

Last ned frå Google Play

Last ned Firefox for Android

Skann QR-koden for å kome i gang

Skann QR-koden for å late ned Firefox til Android

Rask og privat

Firefox for Android gir enkel personvernsikring med superraske sidelastingar. Utvida sporingsvern blokkerer automatiskt online-sporarar, som gjer sidene dine tregare, frå å følje deg på nettet.

Personvern med eitt trykk

Gå till privat nettlesingsmodus med berre eitt trykk. Og når du lèt att privat nettlesingsmodus, vert nettlesingshistorikken din automatiskt sletta frå eininga di.

Søk på din eigen måte

Har du ein stor telefon og tommeltottar av normal storleik? Ingen problem. Med Firefox for Android kan du flytte søkjekfeltet frå toppen og til botnen noko som gjer det enklare å bruke det med ei hand. Du kan òg velje din eigen søkjmotor i nettlesaren og stille inn Firefox som standard nettlesar om du vill.

Spar straum med mørk modus

Byt til mørkt modus når som helst for å minske belastninga på auga og forlenge batteriet.

Eig startsida di

Ta deg raskare til den delen av internett du bryr deg om. Vel å sjå alle dei opne fanene dine, siste søk, bokmerke og favorittnettstadar på ein og same plass.

Forbetre Firefox med tillegg

Tillegg er som kraftfulle små verkty du kan leggje til i nettlesaren din for å gjere ting som å auke standardinnstillingane for personvern og tilpasse opplevinga di.

Hald fram der du slutta

Byt frå telefonen din til den berbare datamaskina, nettbrettet og tilbake – saumlaust. Med Firefox på alle einingane dine kan du ta med deg bokmerka, passord, lagra innloggingar og netthistorik overalt.

Søk frå startskjermen på telefonen

Du treng ikkje å opne appen. Legg til søkje-widgeten Firefox og søk på nettet direkte frå startskjermen på eininga.

Fest videoar på skjermen

Sprett ut videoar frå nettstadar, eller spelarar, og fest dei øvst på telefonskjermen for sjå på dei medan du surfar på nettet og gjer andre ting. Hald deg underhalden medan du multitaskar.

Om Mozilla

Mozilla finst for å byggje internett som ein allmenn resurs som er tilgjengeleg for alle fordi vi trur at ope og gratis er betre enn stengt og kontrollert. Vi byggjer produkt som Firefox og Pocket for å fremje val, transparens og kontroll.