Brukarar på 64-bit Windows som lastar ned Firefox, kan få 64-bitversjonen vår som standard. Det betyr at du får ein sikrare versjon av Firefox, ein som også krasjar mykje mindre. Kor mykje mindre? I testane våre til no reduserte 64-bit Firefox krasjar med 39 % på maskiner med 4 GB RAM eller meir.
Kva er skilnaden mellom 32-bit og 64-bit?
Her er det viktigaste du treng å vite: 64-bit-applikasjonar har tilgang til meir minne og det er mindre sannsynleg at dei krasjar enn 32-bit-applikasjonar. Med eit hopp frå 32 til 64 bit, fungerer ein sikkerheitsfunksjon som heiter Address Space Layout Randomization (ASLR) betre for å beskytte deg mot angriparar. Linux- og macOS-brukarar, uro dykk ikkje, de har allereie ein Firefox som er optimalisert for 64-bit.
Korleis får du 64-bit Firefox?
Dersom du køyrer 64-bit Windows (slik kontrollerer du), kan Firefox allereie vere 64-bit. Sjekk Firefox-versjonen (i «Om Firefox»-vindauget) og sjå etter «(32-bit)» eller «(64-bit)» etter versjonnummeret:
- Dersom du ser «(32-bit)» og køyrer Firefox 56.0 eller eldre, vil oppdatering til den nyaste Firefox-versjonen automatisk oppgradere deg til 64-bit.
- Dersom du ser «(32-bit)» og køyrer Firefox 56.0.1 eller nyare, kan det hende at datamaskina di ikkje oppfyller minstekravet for 64-bit (3 GB RAM eller meir). Du kan framleis installere 64-bit Firefox manuelt, om du vil.