Uansett om du søkte etter ein rask nettlesar, eller om du leita etter uavhengig teknologi som tek vare på personvernet ditt, er desse vanlege spørsmåla her for å svare på dei viktigaste spørsmåla om Firefox.
The Firefox Browser, the only major browser backed by a not-for-profit, helps you protect your personal information. Learn more about the Firefox Browsers and other products.
Du kan enkelt laste ned nettlesaren Firefox her. Firefox fungerer på Windows, Mac og Linux einingar og er også tilgjengeleg for Android og iOS. Pass på at du lastar ned nettlesaren vår frå ei av dei pålitelege Mozilla/Firefox-sidene våre.
Yep! The Firefox Browser is free. Super free, actually. No hidden costs or anything. You don’t pay anything to use it.
Liknande spørsmål: er Firefox-nettlesar gratis, kostar Firefox pengarNei, vi synest ikkje at Chrome er betre enn Firefox og grunnen til det er: når folk spør kva for nettlesar som er best, spør dei eigentleg kva nettlesar som er raskast og sikrast. Firefox vert oppdatert kvar månad for å passe på at du har den raskaste nettlesaren som respekterer personvernet ditt automatisk.
Liknande spørsmål: er Firefox betre enn Chrome, er Firefox betre enn Google, er Firefox sikrare enn Chrome, er Firefox meir privat enn ChromeÅ ta vare på personvernet ditt er den fremste prioriteten vår, og vi passar på at installasjonen av Firefox på einingane dine er heilt trygg — men pass alltid på at du lastar ned frå ein påliteleg Mozilla/Firefox-nettstad som nedlastingssida vår.
Firefox er ikkje berre trygg å bruke, han hjelper også å halde dataa dine og den private informasjone din trygg. Firefox-nettlesaren blokkerer automatisk kjende tredjeparts-sporarar, sosiale mediesporarar, kryptoutvinnarar og fingeravtrykk-sporarar frå å samle inn dataa dine. Les meir om personvern i produkta våre.
Liknande spørsmål: er Firefox bra for personvern, er Firefox trygg, er Firefox betre for personvernFirefox er ikkje treg… no. I 2017 bygde vi heilt om nettlesarmotoren vår (Quantum) for å sikre at Firefox skulle kunne konkurrere med andre store nettlesare. Og blokkeringa vår av sporarar hjelper sider til å laste ned endå raskare. So Firefox er lynrask utan å ofre noko av personvernet ditt.
Firefox er ikkje basert på Chromium (nettlesarprosjektet med open kjeldekode i kjerna av Google Chrome). Vi er faktiskt ein av dei siste store nettlesarane som ikkje er det. Firefox køyrer på Quantum-nettlesarmotoren vår bygd spesielt for Firefox, slik at vi kan sikre at dataa din vert behandla med respekt og vert haldne private.
Google er standardsøkjemotor i Firefox, som tyder at du kan søkje på nettet direkte frå adressefeltet. Les meir om søkjmotorinstillingar og endring av standardinstillingar.
Firefox har ikkje innebygd VPN (virtuelt privat nettverk), men Mozilla lagar eit produkt som heiter Mozilla VPN som du kan bruke i tillegg til den private Firefox-nettlesaren som kan verne tilkoplinga di til WiFi, sovel som IP-adressa di.
Liknande spåørsmål: gøymer Firefox IP-adressa diFirefox er laga av Mozilla Corporation, eit heileigd dotterselskap til den ideelle organisasjonen Mozilla Foundation og er styrt av prinsippa i Mozilla-manifestet. Les meir om dei som lagar Firefox her.
Liknande spørsmål: kven er eigaren til Firefox, som eig Firefox-nettlesar, er Firefox eigd av Google, er Mozilla Firefox eigd avGoogle