Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Annonseblokkeraren – eit hemmeleg våpen mot irriterande annonsar.

Så mange annonsar, så lite tolmod… Det er på tide å stoppe galskapen.

Gjennomsnittspersonen ser i omlag 4 000 annonsar om dagen. Dersom du synest at det er for mange, er ein annonseblokkerar din nye bestevenn.

Ein annonsblokkerar er ei programvare som kan brukast til å blokkere annonsar, og dei fungerer på to måtar. Den første måten er når ein annonseblokkerar blokkerer signal frå sørvaren til ein annonsør, slik at annonsen aldri vert vist på datamaskina di eller mobilen din. Ein annan måte annonseblokkerarane fungerar på, er å blokkere delar av ein nettstaden som kan vere annonsar.

Desse annonsane kan vere høglydte videoannonsar, annonsar som følgjer deg på nettet, sporarar, infokapslar frå tredjepart og meir. Om du vil bruke ein annonseblokkerar kan du søkje etter tillegg for annonseblokkerarar som er tilgjengelege i nettlesaren din. Firefox har til dømes denne lista over godkjende tillegg for annonseblokkering. Klikk på denne lista (eller annonseblokkerarar som er godkjende for nettlesaren din), og sjå kva for nokre som passar dine behov.

Finn den rette annonseblokkeraren for deg

Nokre annonseblokkerarar, til dømes AdBlocker Ultimate blokkerer all kjend reklame. Men hugs på at nokre av dei føretrekte avisene og vekeblada dine kan vere økonomisk avhengige af reklame. Viss alle blokkerer reklamane på ein nettstad, kan det vere at nettstaden rett og slett ikkje greier seg.

Sprettopp-annonsar er dei verste. Blokker dei med Popup Blocker og du vil aldri meir sjå ei irriterande sprettopp-annonse.

Ein av dei mest populæra annonse-blokkerarane for Chrome, Safari og Firefox er AdBlock. Bruk han for å blokkere annonsar på Facebook, YouTube og Hulu.

Lag ei sporingsfri sone med innhaldsblokkering

I Firefox kan du bruke innstillingar for Personvern eller Innhaldsblokkering for å få endå meir kontroll over annonsesporarar som viser annonsane.

Vel ditt vernenivå

For å starte, klikk på skjoldet til venstre for adressefeltet på ei nettside, og vel «Innstillingar for vern». Dette opnar sida «Personvern og sikkerheit» i Firefox-innstillingane, i ei ny fane. Under «Utvida sporingsvern», finn du ei blå rute med ulike innstillingar.

Ta det roleg med standard-modus

Om annonsar ikkje uroar deg, og du ikkje bryr deg om at du vert følgd av sporarar og tredjeparts-infokapslar, bør standard-innstillinga fungere for deg. For å sleppe sporarar i standard-modus, bruk Privat nettlesing-vindauget.

Bli tøff med streng modus

Om for mange annonsar øydelegg dagen din, då passar Streng-modus betre. Denne modusen blokkerer kjende tredjeparts-sporarar og infokapslar i alle Firefox-vindauge.

Tillpassa modus med eigne innstillingar

Innstillingane under Tilpassa gjev deg mulegheita til å sjølvbestemme. Du kan velje det du vil blokkere - inkludert sporings-tenester, infokapslar og anna. Viss du tillèt infokapslar frå ein nettstad, brukar du automatisk Tilpassa.

Skjul spora dine, blokker sporarar

Klikk på ruta Sporarar slik at du kan du blokkere sporarar på to måtar. Ein måte å blokkere sporarar på, er å gjere det når du arbeider i eit privat vindauge. Ein annan måte å gjere det på, er å blokkere sporarar i alle vindauge. Tenk på at om du vel å alltid blokkere sporarar, kan det vere at enkelte sider ikkje vil lastast inn på rett måte

Gjer infokapslar meir etande

Infiokapslar vert sendt av nettstadar du besøkjer. Dei bur på datamaskina di og overvakar kva du har gjort på ein nettstad. Når eit flyselskap set opp prisane dine fordi du har sett på flybillettar ein gong same dag, er det handverket til ein infokapsel

I Firefox kan du blokkere alle tredjeparts infokapslar eller berre dei som er stilt inn av sporarar. Merk at blokkering av alle infokapslar kan hindre enkelte nettstadar frå å fungere.

Send eit «Ikkje spor»-signal

Om du ikkje vil at nettåtferda di skal skal brukast for annonsar, kan du sende nettstadar eit høfleg «takk, men nei takk-» brev ved å krysse av for alternativet Ikkje spor i Firefox. Deltaking er frivillig, men nettstadane som er med i ordninga, vil slutte å spore deg omgåande.

Høgare fart takka vere annonseblokkerarar

I enkelte tilfelle kan ein annonsblokkerar hjelpe nettlesaren din med å gå raskare. Når ein annonse vert lasta kan han bremse ein nettstad. Samtidig tek det lengre tid å finne det du leitar etter om du er for oppteken med å late att enno ein annonse.

Om du vil lære deg meir om annonse-blokkering, finst det hundrevis av annonseblokkerings-tillegg tilgjengeleg for Firefox og andre nettlesarar. Om du vil prøve dei annonse-blokkerarane som Firefox brukar, klikk her for å laste ned ein nettlesar som set personvernet først.