Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Firefox vert heile tida raskare

Korleis vert nettlesarfart målt?

Den mest brukte referanseindeksen for nettlesaryting for å måle respons på nettappar, er Speedometer. Medan andre nettlesarreferansar finst, er Speedometer 3 den nye standarden for korleis vi måler farten på nettlesaropplevinga di. Dei siste testane speglar betre dagens nett – arbeider med visuelt rike diagram, redigerer tekst, samhandlar med kompliserte og tunge nettsider som nyheitssider – og måler eit fullstendig bilete av ytinga til nettlesaren.

Den nye Speedometer 3-referansen er den første store nettlesarreferansen som nokon gong er utvikla gjennom eit samarbeid som blir støtta av alle større nettlesarar, designa for å vere til nytte for heile nettet.

Raskare kvar dag

Firefox blir driven av Gecko-motoren i verdsklasse, med sjokkerande rask styling og sidelayout, moderne Javascript-funksjonar og og ein uendeleg puls av nye ytingsforbetringar for å behalde brukarane våre glade og skyve nettplattforma framover.

Alle nettlesarar måtte gjere forbetringar for å prestere godt på dei nye Speedometer 3-testane. Spesielt Firefox tok store framsteg, og vart merkbart raskare for brukarane våre som eit direkte resultat av dette arbeidet. Firefox er raskare enn nokon gong før, med fart du verkeleg kan kjenne, inkludert raskare sideinnlasting og jamnare interaksjonar.

Mot eit raskare nett

Mozilla er forplikta til å kontinuerleg forbetre vår eigen nettlesar så vel som heile nettet. Derfor investerte vi i samarbeidet for å utvikle Speedometer 3 som igjen har forbetra ytinga til alle nettlesarar. Så uansett kva nettlesar du vel, vil Mozilla at han skal vere rask.