Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Firefox nettlesarsynkronisering

Med Firefox kan du halde fram der du slutta når du byter frå datamaskina di til mobiltelefonen din eller til nettbrettet ditt. Firefox lét deg sjå bokmerka dine, nettlesarhistorikken din, dei lagra passorda dine, og meir, same kva for eining du brukar.

Registrer deg for ein gratis Mozilla-konto og du vil då kunne synkronisere dataa dine overalt der du brukar Firefox og andre Mozilla-produkt.

Alle dataa dine er krypterte på sørvarane våre slik at vi ikkje kan lese dei – berre du har tilgang til dei. Vi sel ikkje informasjonen din til annonsørar, sidan det skulle stride mot løftet vårt om datapersonvern.

Send faner frå ei eining til ei anna

Med funksjonen Send fane i Firefox kan du sende sider frå Firefox på ei eining til andre einingar (som ein iPhone, iPad eller Android-eining). Fann du ein artikel når du surfa på telefonen din som du vil lese når du er tilbake på datamaskina di? Eller eit viktigt dokument frå jobben som du vil lagre når du kjem heim? Kanskje har du funne ein resept på den berbare datamaskina di som du vil sende til nettbrettet ditt på kjøkkenet. Send den fana!

Eit bilde av ein Firefox-programmeny som markerer alternativet «Send fane til eining».