Omset ei nettside med Firefox
Noko av det beste med internett er at vi kan få tilgang til innhald frå heile verda. Same om det er nyheitsartiklar, bloggar, eller til og med ei vurdering av den siste duppeditten din, kan du finne alt på det tilsynelatande uendelege nettet. Med Firefox sin siste omsettingsfunksjon, vil dette verktyet kontinuerleg omsette ei nettside i sanntid.
Medan andre nettlesarar er avhengige av skytenester, blir språkmodellane for Firefox Translations-omsettinga lasta ned til nettlesaren til brukaren, og omsettingane blir gjorde lokalt, slik at Mozilla ikkje registrerer kva for nettsider du omset.
Når du omset ei nettside blir ho verande privat.
Når omsettingane dine vert behandla lokalt, forlèt ingen data frå vald eining, eininga di, eller er avhengig av sky-tenester for omsetting. Det tyder at Mozilla ikkje veit kva for nettside du omset og gjer at omsettingsfunksjonen vår skil seg ut, samanlikna med andre omsettingsverktøy.
Kva for språk er for tida støtta?
Språka nedanfor er for tida støtta av funksjonen Firefox Translations:
- Български
- Català
- Čeština
- Dansk
- Deutsch
- Ελληνικά
- English
- Español
- Eesti keel
- suomi
- Français
- Hrvatski
- magyar
- Bahasa Indonesia
- Italiano
- 日本語
- 한국어
- Lietuvių
- Latviešu
- Nederlands
- Polski
- Português
- Română
- Русский
- slovenčina
- Slovenščina
- Српски
- Svenska
- Türkçe
- Українська
- Tiếng Việt
- 中文
Og fleire språk er under utvikling!
Firefox snakkar ditt språk
Funksjonen Firefox Translations er ein annan måte som Mozilla held ditt internett personleg og meir privat. Mozilla sporar ikkje kva for nettstadar du omset. Med millionar av brukarar over heile verda vil Mozilla sjå til at dei som brukar Firefox lærer seg, kommuniserer, deler og held seg informert på sine eigne villkår. Kom i gang på ditt føretrekte språk ved å laste ned Firefox.