Gjer det du vil på nettet.
Firefox-nettlesar overvakar deg ikkje.
Vi blokkerer annonsesporarar. Du utforskar internett raskare.
Annonsar er irriterande og gjer at nettsidene lastar tregare medan sporarar sporar aktivitetane dine på nettet. Firefox-nettlesar blokkerer ganske enkelt dei fleste av desse sporarane automatisk, utan at du treng å endre tryggingsinnstillingane dine.

Firefox er for alle
Tilgjengeleg på over 90 språk og kompatibel med Windows-, Mac- og Linux-maskiner, Firefox fungerer same kva du brukar eller kvar du er. Forsikre deg om at operativsystemet ditt er oppdatert for best oppleving.

Legg til Firefox på alle einingane dine
Ta personvernet ditt med deg overalt. Firefox-nettlesarar for iOS og Android har dei same sterke personverninnstillingane for å hindre sporarar frå å spore aktivitetane dine på nettet, same kvar du er.

Gjer alt med Firefox

Søk smartare og raskare
- Søk frå adresselinja
- Innstillingar for søkjemotor
- Smarte søkjeforslag
- Bokmerke, historikk og open fane i resultat

Auk produktiviteten
- Fungerer med Google-produkt
- Innebygd skjermbildeverktøy
- Bokmerkehandsamar
- Føreslå nettadresser automatisk
- Synkroniser på tvers av einingar
- Lesemodus
- Stavekontroll
- Festa faner

Strøym, del og spel
- Blokker automatisk avspeling av video og lyd
- Bilde-i-bilde
- Samla innhald på ny fane
- Del lenker

Ta vare på personvernet ditt
- Blokkering av tredjeparts-infokapslar
- Blokkering av fingeravtrykksporarar
- Blokkering av kryptoutvinnarar
- Privat nettlesingsmodus
- Individuell sikringsrapport

Sikre den personlege informasjonen din
- Åtvaringar om datalekkasjear på nettstadar
- Innebygd passordhandtering
- Tøm historikk
- Autoutfylling av skjema
- Automatiske oppdateringar

Tilpass nettlesaren din
- Tema
- Mørk modus
- Bibliotek med utvidingar
- Juster søkelinjeinnstillingane
- Endre ny fane-oppsettet
Gjer Firefox til din eigen

-
Utvidingar for alle interesser
Frå sikkerheit til nyheiter til spel, finst det eit tillegg for alle . Legg til så mange du vil, til nettlesaren fungerer som du vil.
-
Endre utsjånad
Gå frå lys modus til mørk modus avhengig av humør eller innstilling, eller liv ting opp med eit tilpassa tema (regnbogefarga einhjørning, kanskje).
-
Finjuster innstillingane dine
Du trenger ikkje å nøye deg med eitt val. Endre ny fane-sida, søkefeltet, bokmerke og meir for å utforske nettet slik du ønskjer.
Støtta av den ideelle organisasjonen som set folk først.

Utfordrar den uendra stoda sidan 1998
Firefox vart utvikla av Mozilla som eit raskare, meir privat alternativ til nettlesarar som Internet Explorer, og no Chrome. I dag held det visjonære selskapet vårt og frivilligsamfunn fram med å setje personvernet ditt framfor alt anna.

Personvernet ditt kjem først
Etter kvart som internett veks og endrar seg, held Firefox fram med å fokusere på retten din til personvern — vi kallar det lovnad om private data: Samle inn mindre. Oppbevar det trygt. Ingen hemmelegheiter. Dine data, din nettaktivitet og livet ditt på nettet er beskytta med Firefox.
Behald alle favorittfunksjonane dine i nettlesaren — og oppdag nye.

Fungerer med Google-produkt
Alle favorittverktøya dine frå Google (som Gmail og Docs) fungerer saumlaust i Firefox-nettlesar.

Facebook Container
Last ned denne nettlesarutvidinga for å hindre Facebook (og Instagram) frå å spore deg rundt på nettet.

Synkroniser einingane dine
Firefox er tilgjengeleg på alle einingane dine; ta med deg fanene dine, historikk og bokmerke. Alt du treng er ein Mozilla-konto og du får tilgang till synkronisering og fleire Mozilla-produkt.

Skjermbilde
Ta eit bilde med høg oppløysing av kva som helst på nettet med skjermbilde-verktøyet vårt som er innebygd i nettlesaren

Utvida sporingsvern (ETP)
Firefox blokkerer automatisk mange tredjeparts-sporarar frå å samle inn og selje nettaktiviteten din.

Bilde-i-bilde
Frå å sjå ei nettopplæring til å sjå på favorittlaget ditt, følgjer videoen deg medan du gjer noko anna.